skip to content

Moderne eventyr

Det var ein gong eit hovudkort som heitte Triton. Ei natt drøymde han om ei vakker CPU , den var så liti og nett med det glinsende silisiumet og aluminiumstaggane på sidene. Då han vakna, syntest han ho stod i syne for han , og han beundra dei vakre formene og linene, og syntest at han ikkje kunne vere til om han ikkje fekk ho. Triton vart så forgjord i denne CPU'a at han måtte ut i verda og søkje lukke . Ein dag byrja han å gå, og han gjekk langt og lengre enn langt. Etter at han hadde vandra straka vegen eit par klokkeslag, møtte han ein hackar som hadde forvilla seg inn i maskina. Han var ifrå Silicon Valley, knutepunktet for verdas hackarar. Endeleg fekk han sjå ein ekte hackar, ein slik som han hadde høyrt så mykje om, men aldri hadde sett. Hackaran spurde om det ikkje var keisamt å vandre her heilt åleine inni PD'en, utan å ha nokon å prate eller dele straumen med ? Men nei, det syntest ikkje Triton. hackaren spurde om han ikkje trengde ein hackar som kunne hjelpe han med å finne dei mest kronglete og rette vegane til den vakre CPU'a som han leita etter ? "Eg veit ikkje heilt," sa Triton, "eg er van med å klare meg sjølv og har heller ikkje råd med noko anna." "Ein hjelpar treng du, det veit eg betre enn nokon annan," sa hackaren, "og du treng ein god hackar, som du kan lita på når det gjeld liv og daud". "Vil du ikkje ha meg som ein hackar så kan du vel ta meg med som ein ven. Eg lover deg at du skal ha gagn av meg , og det skal ikkje koste deg ein byte, eg skal frakte meg sjølv, og kost og klede skal du ikkje ha noen nød med !" Triton takka ja til det tilbodet og dei byrja vandre vidare, og då dei hadde reist gjennom heile harddisken over krinsar og kablar, kom dei til eitt kort!

Der banka hackaren på og ba om at det skulle opne seg. Det opna seg, og langt inne på kortet sitt innarste pinnar møtte dei Wav-trollet, ho bar med seg ein IC-stol og baud dei : "Vær så god å sitt ned, de kan være slitne," sa ho. "Sitt sjølv," sa hackaren. Så måtte ho sete seg, og då ho hadde sat seg, blei ho sitjande der, for IC-stolen var slik at den ikkje slapp fri dei som hadde kom nær den på grunn av magnetfeltet. Imens gjekk dei omkring i kortet, og hackaren såg seg rundt til han fekk sjå eit AWE32 -lydkort som hang under kortet. Det ville han endeleg ha, og fekk han det, lova han Wav-trollet at han skulle fri ho ifrå IC-stolen. "Nei", skreik ho, "be meg om alt anna od du skal få det," - dei var tre systerkort som eide det saman. "Ja, så kan du sitte der til verdas ende," sa hackern. Men då ho høyrde det, sa ho at han skulle få det, om han berre ville sleppe ho laus. Så tok han AWE32-lydkortet og gjekk med det, og lot ho sitte der likevel. Då dei hadde gått langt og lenge, over bits og bytes, kom dei til eit kort igjen. Der banka hackaren på, og baud om at det skulle opne seg. Det gjekk som sist gong , det opna seg, og då dei kom langt inn på kortet sitt innarste pinnar, kom det fram eit Avi-troll, med ein IC-stol og ba dei sitte ned; de kunne være slitne, sa ho. "Sit sjølv", sa hackaren, og så gjekk det ho som systerkortet hennar, ho torde ikkje anna, og då ho hadde sete seg på stolen, blei ho sitjande der ho sat, fanga i magnetfeltet. Imens gjekk Triton og hackaren omkring i kortet, og han opna opp alle filar og katalogar, til han fann det han såg etter; ei internetfil. Den ville han så endeleg ha, og han lovte trollkjerringa at ville ho gi han det , så skulle han sleppe ho av stolen. Ho sa han kunne få alt ho eide, men den ville ho ikkje miste, for det var tresysterkortet hennar - internetfil. Men då ho høyrde at ho skulle bli sitjande der til dommedag om han ikkje fekk det, så sa ho at han fekk ta det likevel, om han berre ville løyse ho. Hackaren tok det, han, men han lot ho bli sitjande der ho sat.

Så gjekk dei i fleire dagar gjennom skjermar og diskettar, til dei kom til enda eit kort. Der gjekk det likeins som med dei to andre: hackaren banka på ; det lukka seg opp, og inne i kortet møtte dei eit Midi-troll med en IC-stol som ba dei sitte. Men hackaren sa: "Sitt sjølv", og så sat ho der. Dei hadde ikkje gått gjennom mange filar og katalogar før han fekk sjå ein gammal attributt-hatt i ein katalog. Den ville hackaren ha, men Midi-trollet ville ikkje vere av med den, for det var tresysterkort-hatten hennar, og ga ho den bort, ville ho bli rett så ulykkeleg. Men då ho høyrde at ho skulle bli sitjande der til verdas enda om han ikkje fekk den, sa ho at han kunne ta den. Då hackaren hadde fått attributt-hatten, lot han ho bli sitjande der ho sat, likande syster-korta hennes.

Langt om lenge kom dei til ein stor COM-port som dei måtte over. Der tok hackaren fram AWE32- lydkortet og sat det til å spille nokre høge lydar, så tok dei fram internetfila, og så surfa dei over COM-porten på lydbølgjene. Og då dei var over COM-porten slo dei av musikken og sprang vidare, for no hadde lydbølgjene aktivisert lyd-trolla: Wav, Avi og Midi. Trolla rakk ikkje over medan musikken spelte så no var den trusselen borte. Då dei hadde gått nokre dagar til, sa hackaren "No kjem me snart til slottet, der ho bur, CPU'a som du har drøymt om, og når me kjem dit, får du gå inn til Matteprossesoren og seie kva du har drøymt om og kva det er du reiser etter. Då dei kom fram, gjorde han så, og han blei nokså vel tatt i mot. Han fekk seg sin eiga slot og hackaren ein annan, som dei skulle bu på; og då det lei mot den tid dei skulle ha mat, blei han boden til Matteprossesorens eiga bord. Då han fekk sjå CPU'a, kjende han ho igjen med ein gong, det var ho han hadde drøymt om han skulle få. Han fortalde om ærendet sitt og ho svarte at ho likte han godt, og at ho gjerne ville ha han, men fyrst måtte han bestå tre prøvar. Då dei hadde eti ferdig, gav ho han ei fil, og så sa ho: " Den fyrste prøva er at du skal gjeme denne fila, og gi meg den i morgon ; det er ikkje noko vanskeleg prøve, skulle eg tru," sa ho og drog på geipen. "Men kan du ikkje , så mistar du livet, det er loven, og så blir du formatert og slette frå heile maskina, slik som dei som har vore før deg. Det var vel inga kunst, det, tenkte Triton.

Men CPU'a var så lystig og rask, og for ikkje snakke om nydeleg, slik at han rett gløymde kva ho hadde sagt om fila og seg sjølv, og mens dei lagra og kopierte lurte ho frå han fila. Då han kom opp på slotten om kvelden fortalde han om korleis det hadde gått og fortalde om fila ho hadde bedt han gøyme til i morgon, "Du har vel fila ho gav deg?" spurte hackaren. Triton kjende etter i lommene sine, men der var det inga fila, og Triton blei ille ved mote då han skjønte at den var borte "Ja, ja ta det med ro, eg får skaffe deg den att," sa hackaren og gjekk ned til "morbordet" der stod det ei stor, diger vifte som høyrde CPU'a til, og den var slik at den kunne blåse ho mange gonger fortare gjennom lufta enn om ho gjekk på marka. Han spurde vifta om når CPU'a skulle dra til kjærasten sin i natt ? Vifta ulte og sa at det torde han ikkje seie, men då hackaren vrei og drog litt i kablane ulte den enda kvassare at CPU'a skulle dra klokka elleve. Hackern tok på seg attributt-hatten, og no var han usynleg. Deretter venta han på CPU'a og når ho kom opna han internetfila og surfa etter på vinden som vifta lagde, heilt ut på den store Webben. Rettsom det var, kom dei til ei html-side, der skreiv ho passordet sitt tre gonger, og så bar det inn i CyberSpace til kjærasten hennar, Microsoft-trollet. "No har det kome eit nytt hovudkort, som vil ha meg, ven min." sa CPU'a. "Han er ung og vakker, med ein masse plass; men eg vil ikkje ha noen annen enn deg," sa ho og gjorde seg lekker for "Microsoft-trollet". "Så sat eg han på prøve, eg ba han passe ei fil for meg, men eg la inn eit virus som øydelegg alt på ein time !" sa ho. Så lo dei så inderleg godt begge to, som om dei alt hadde vunne den fyrste prøven. Då det lei mot midnatt, reiste ho heimatt, hackaren surfa seg tilbake til slotten og kjøyrde eit antivirussjekkeprogram og fann fila, uskadd! Ved middag neste dag blei Triton boden ned til Matteprossesorens - bord, men i dag var CPU'a så sørgmodig, og lei seg, at ho nesten ikkje ville sjå til den sida der Triton sat. Då dei hadde eti ferdig, la ho silisiumet stramt bakover, og gjorde seg så smørblid og sa : "Du har vel kanskje den fila eg ba deg passe i går?" "Ja, eg har den er her ," sa Triton, og tok den opp, og drev den i bordet så den hoppa høgt. CPU'a kunne ikkje blitt meir ille ved mote enn om han hadde slengd fila i synet hennar.

Men ho gjorde seg lekker og blid likevel og sa, "sidan du har passa så vel på fila, så kan det ikkje vere vanskeleg for deg å gøyme songen min, og passe på den, så gir du meg den igjen i morgon middag, men har du det ikkje, så skal du formaterast og slettes frå maskina, det er loven," sa ho. Det var ikkje noko farleg sak, mente Triton, og putta disketten med songen i lomma. Men ho tok på å flokse og spøke med ham igjen, så han rett gløymde både seg sjølv og songen, og mens dei jobba og dura som aller best, stal ho den frå ham. Då han kom opp på slotten og fortalde kva dei hadde sagt og gjort, så spurte hackaren, "du har vel disketten med songen ho gav deg?" "Ja, det har eg," sa Triton og greip etter i lommene, der han hadde lagt den; men nei, han hadde ikkje noko song, og nå blei han så reint ille ved mote igjen at han ikkje visste kva han skulle gjere av seg. "Ja, ja slå deg no til ro, så skal eg skaffe deg songen" Då han kom til morbordet gjekk han bort til vifta nok ein gong, han vrei litt på kablane og deretter ulte vifta at CPU'a skule møte kjærasten klokka tolv. Hackern tok attributt-hatten på seg og opna internettfila igjen og venta til CPU'a kom. I det same ho blei blåsi avgarde surfa Hackern etter og atter bar det til kjærasten, Microsoft-trollet. Rett som det var kom dei til html-sida, og då ho hadde skrivi passordet tre gonger, fòr dei inn til CyberSpace atter ein gong Så fortalde CPU'a om Triton som hadde klart å passe på fila ho hadde gjeve til han. Deretter fortalde ho om den neste prøva som var å passe på songen, men den hadde ho klart å lure ifrå Triton. "Her er den," sa ho, "eg tok den ifrå honom så forsiktig at han ikkje merka det; men kva skal me finne på når han kan slike kunstar?" Microsoft-trollet visste ikkje riktig; men då dei hadde tenkt seg litt om, fann dei på at dei skulle gjere opp ein stor varme og brenne disketten med songen, så dei var sikre på at Triton ikkje skulle få fatt i songen. Og det gjorde dei. Etter ei stund ba Microsoft-trollet CPU'a å syngje songen for han, akkurat i det ho byrja, tok hackaren fram AWE32- lydkortet og tok opp songen. Då CPU'a hadde vore hos Microsoft-trollet ei stund, og det lei ut på morgonsida, reiste ho heimatt. Hackern surfa som vanleg på luftstraumen etter vifta og heimatt blåste det. Neste dag då Triton blei boden til middag, gav Hackern han songen som no var på ein ny diskett, for den andre var jo brent. CPU'a var enda meir sjølvsikker og overbevisande enn sist gong. Og då dei hadde eti, snerpte ho munnen saman og sa: "Det var vel ikkje så inderleg vel at eg kunne få igjen disketten med songen min på, som eg ba deg gøyme i går?" "Jau," sa Triton den skal du få; her er den," sa han, og drev den i bordet. CPU'a blei så bleik som eit lik.

Men ho gjorde seg snart blid igjen, og sa at det var godt gjort; nå hadde ho berre ein liten prøve igjen. "Dersom du er så flink at du kan skaffe meg det eg tenkjer på til i morgon middag, så skal du få meg og ha meg," sa ho. Triton blei motlaus, for han kunne ikkje finne råd for korleis han skulle finne ut av det, og endå meir uråd var det med å skaffe det. Og då han kom attende til slotten, var det nesten uråd å stogge han. hackaren sa at han berre skulle ta det med ro og gå og leggje seg, men Triton kunne ikkje få ro i kroppen, men til slutt sovna han fredeleg over bios'en. Imens fòr Hackern til vifta og vrei litt på kablane, "Når skal CPU'a til kjærasten sin i natt?" "Klokka eitt ulte," vifta. Då det lei mot tida, stod Hackern klar ved vifta med attributt-hatten på , og då ho hadde starta vifta, bar det ut til kjærasten att. Då ho kom fram fortalde ho om Triton, som hadde skaffa disketten med songen også, korleis det hadde gått til kunne verken CPU'a eller Microsoft- trollet svare på. Men veit du kva eg no har funne på ? sa ho. Nei, det kunne ikkje Microsoft-trollet vite "Jau," svara ho, "eg har sagt at han skal skaffe meg det som eg tenkte på til morgonen av, og det var Windows95'en din. Trur du han kan skaffe det , vennen min?" sa CPU'a kjærleg og fortona! "Nei ! Det trur eg ikkje" sa Microsoft-trollet og det svor han på, og så lo han og humra verre enn nokon gong, så både Microsoft- trollet og CPU'a tenkte at Triton skulle bli kortslutta og øydelagt, før han kunne skaffe Windows95'en til Microsoft- trollet ! Då det lei mot morgonsia, skulle ho heimatt; men ho var redd, for ho syntest det var nokon etter ho, og ho torde ikkje reise heim aleine, derfor måtte Microsoft-trollet følgje ho heimatt. Då dei hadde stelt seg framfor vifta til Microsoft-trollet , kasta Hackern seg framfor, og så bar det heim att. Microsoft-trollet følgde CPU'a heilt borttil maskina og sa farvel. Like etter at CPU'a hadde sneke seg inn i maskina tok Hackern og skar av hovudet på Microsoft-trollet med CD-ROM laseren, og deretter gjekk han til slotten der Triton var, og gav han hovudet me Windows95'en i. "Her er det som CPU'a tenkte på sa han!" Ja det var både godt og vel, kan ein vite, og då Triton blei boden ned til frukost neste morgon, og dei hadde eti, var CPU'a så blid som sin lysande diode. "Du har kanskje det eg tenkte på i går?" sa ho. "Jammen har eg så," sa Triton og reiv opp hovudet med Windows95'en og drev det framføre ho. CPU'a blei som ho hadde logge i grava, men ho kunne ikkje nekte på at det var det ho hadde tenkt på , og no måtte han få ho, som ho hadde lovt. Så blei det drukke bryllaup med den beste DRAM'en i mange eventyr omKRETS og det blei stor glede i heile Pentiumland.

Snipp snapp snute, så var det eventyret ute.

slide-culture